Tett på Erlend Apneseth

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

«Bendik og Årolilja» av Bendik Riis har fått stå i sentrum når Erlend Apneseth skal komponere eit tingingsverk til utstillingen Mestermøter på Nasjonalmuseet, og Erlend gler seg stort til å framføre musikk til dette storslagne biletet.

Eg vert meir gripen av visuell kunst no enn i mine tidlegare år. Sjølv om eg kjem frå ein familie der begge foreldra mine jobbar med visuelle uttrykk har ikkje det vore noko som har slått meg emosjonelt på same måte som musikk eller litteratur. Men dei siste åra har eg kjent meir på ei dragning mot biletkunst, og sett fellesnemningar der som grip tak i meg. Eg tykkjer det er spanande å sjå kva som fangar meg umiddelbart og er nysgjerrig på korleis ein kan uttrykje noko av det same musikalsk, fortel Erlend.

Når ein spelar hardingfele følger det automatisk med ein del assosiasjonar innan biletkunst, og for mange vil det falle seg naturleg å tenkje det i kontekst med nasjonalromantiske landskapsmaleri eller kvardagsskildringar. Sjølve utveljinga av biletet var derfor ein heilt eigen prosess.

Det var jo ei sjeldent open bestilling, der eg kunne få velge eit bilete å lage musikk til. Og sjølve utstillinga i Nasjonalmuseet er heftig, det er store inntrykk overalt og mange moglegheiter. Til slutt fann eg eit stort rom med eit bilete eg kjende med ein gong at eg kunne laga noko til. Det var Bendik og Årolilja av Bendik Riis. 

I dette kunstverket fann Erlend ein likskap med korleis han lager og tenker sin eigen musikk. Bendik og Årolilja er ein gammal ballade med djupe røter i folkemusikkarven, men sjølve biletet er ikkje måla i nasjonalromantisk stil. Det er andre trekk som får dominere, og dette vekte interessa hos Erlend.

I bildet passar liksom ikkje tingene heilt sammen, proposjonar og linjer går i ulike retningar; det ligg noko under heile tida, og eg opplever ein slags forbindelse i den tilnærmingen. Kunstnaren har jo mellom anna endra slutten i balladen, i biletet får dei kvarande, noko som ikkje skjer i balladen. Det er fastlåst i tid, eit slags statisk kjærleiksbilete. For meg var det veldig frigjerande å jobbe rundt dette, det vert ein slags surrealisme rundt nasjonalromantikken. Og det harmonerer godt med korleis eg nyttar instrumentet mitt og forheld meg til referansar, fortel Erlend og legg ut om korleis han tenkjer når han set folkemusikk i nye samanhengar.

Utgangspunktet for min musikk er sjølve instrumentet og dei mange klanglege moglegheitene som fins på det. Språket ein nyttar når ein spelar folkemusikk på hardingfele har noko ibuande gamalt i seg, som egentlig skil seg ganske mykje frå annan musikk som ein lyttar til. Det som då er interessant for meg er å setje det tonespråket i så radikalt andre kontekstar enn det ein er vand til, og samstundes få det til å fungere som eit naturleg stykke musikk. Det er ein musikalsk metode eg har jobba lenge med, å spegle musikken i andre musikalske referansar. Eg trur folkemusikarar på min alder kanskje har blikket meir vend utover enn før, om ein går tilbake i tid var det gjerne jazzmusikarar og andre som søkte mot folkemusikken. No er det like mykje at det er folkemusikarane som søkjer utover, og då har dei eit naturleg språk i botnen som dei kan nytte i utforskinga si, utdjuper Erlend som starta leitinga etter materiale nettopp i folkemusikkarven.

Noko av det første eg leita etter var arkivopptak av gamle mennesker som syng denne balladen om Bendik og Årolilja, og tenkte at her var det mykje materiale å hente. Det har vorte grunnlaget for ein del av verket, fortel Erlend, som framleis er i prosessen med utforming av verket. Dels fordi mykje av musikken vil verte utforma i møtet med medmusikaren Anja Lauvdal, men også fordi at prosessen har vorte litt annleis i møte med visuell kunst.

Eg kjenner at eg reflekterer på ein annan måte, når eg prøver meg fram saman med biletet kjenner eg med ein gong om eg bør endre formen eller innholdet. Biletet gjer at eg er nøydd til å reflektere mykje tidlegare i prosessen enn eg er vand med. Normalt sett er eg ganske fri tidleg i komponeringa, og lager meg eit system seinare. No har eg heile tida ei referanse som er veldig tydeleg, og biletet har vorte ein sparringpartner som fortel meg kva som fungerer eller ikkje.

Om du vil høyre verket har du moglegheit 11.februar kl 15.00 på Nasjonalmuseet!

Forrige
Forrige

Tett på: 1867 Jordalsfela

Neste
Neste

Tett på: Brudeferdene i Hardanger